hits

Statistikk fra Rambo 5-mila!

Navn 2010 2011 2012 2013 Antall ganger
Anders Bødtker 02:45:46 02:33:46 02:26:06 02:45:28 4
Lars Myhre Nymoen 03:13:54 02:51:55 02:42:32 03:24:51 4
Sindre Høgset 03:23:49 02:39:14 02:20:31 02:55:10 4
Runar Skaug Mathisen 03:30:47 02:54:18 02:29:17 02:33:52 4
Håkon Lie 03:39:29 02:55:47 02:53:31 03:24:52 4
Kjell Einar Erikstein 03:52:32 02:53:04 02:28:07   3
Jonas Frorud DNF 02:34:14 02:11:46 02:21:53 3
Tone Dalen 03:37:35 02:47:14   04:20:41 3
Jørgen Dahl Paule   02:52:20 02:20:35 02:41:18 3
Eirik Ek Hagen   02:58:02 02:33:40 02:41:30 3
Jørgen Hodnebrog 02:53:54   02:23:31   2
Jørgen Barland 03:09:13 03:02:18     2
Ole Holbæk 03:17:55   02:18:50   2
Eivind Rosseland Stokke 03:20:42     03:20:22 2
Sindre Odberg Palm 03:21:44 02:42:50     2
Kjartan Konradsen 03:30:41     03:27:04 2
Ingvar Folkvord   02:55:39   02:27:58 2
Torgeir Lid Byggland     02:20:04 02:57:19 2
Sindre Folkvord     02:22:30 02:24:45 2
Markus Horn Elieson     02:32:57 03:06:17 2
Mats Nordby     02:36:01 03:03:44 2
Haakon Wiik     02:56:08 03:35:11 2
Toralf Hildebrandt     03:31:15 03:51:30 2
Amanda Heie Veiby     03:32:53 04:05:20 2
Espen Frorud 02:47:40       1
Andrew Musgrave 02:48:50       1
Ånund Lid Byggland 02:52:53       1
Trygve Henden Gaasø 02:52:55       1
Tobias Ertzeid 03:32:58       1
Thora Sivertsen 03:42:50       1
Ingvild Skare Thygesen 04:12:26       1
Kristine Svalastog 04:12:26       1
Callum Smith - 02:42:09     1
Tobias Watne Moe   03:03:06     1
Andreas Wang   03:33:56     1
Marte Jensen   03:10:27     1
Anna Brau   03:45:06     1
Christine Syvertsen   03:49:52     1
Eivind Romberg Kvaale     02:11:48   1
Gaute Kvåle     02:11:51   1
Magnus Krog     02:17:12   1
Henrik Bakke     02:18:56   1
Vegard Berg Flystveit     02:22:59   1
Sigurd Austefjord     02:29:03   1
Arild Isaksen     02:29:06   1
Stian Yndesdal Ofte     02:31:15   1
Knut Halvor Erikstein     02:32:54   1
Stian Lie     02:35:08   1
Vegard Bø Martinsen     02:37:49   1
Arne Moen Lid     02:38:21   1
Joachim Haugen     02:39:36   1
Ådne Mannsåker     02:43:05   1
Frank Heggbø     02:44:43   1
Karl Aarrestad     02:53:54   1
Morten  Bjelland     03:34:08   1
Martine Ek Hagen     02:23:01   1
Anne Vatnedalen     02:48:44   1
Anja Elise Lid     03:07:31   1
Ingunn Jegteberg     03:13:39   1
Ingrid Berge     03:32:53   1
Sjur Obrestad Gabrielsen       02:28:01 1
Sondre Handeland       02:34:55 1
Magnus Aarrestad       02:39:00 1
Halvor Landsverk       02:42:39 1
Mattis Sjøli       02:49:04 1
Sondre T. Lomeland       02:49:13 1
Jon-Inge Vetrhus       02:51:21 1
Vegard Vatnedalen       03:14:25 1
Gjermund Steinsland       03:20:22 1
Arvid Rosseland       03:26:14 1
Igor Laikert       03:27:05 1
Marcus Egeland       03:42:10 1
Knut Harstveit       04:02:48 1
Simen Windheim       04:44:09 1
Sverre J. Øveraas       04:48:37 1
Magnus Hagen       05:31:26 1
Johannes H. Steinholt       06:45:15 1
Jobjørn Nesby       07:35:16 1
Victoria Ravatn       04:20:41 1
Såve Maria Sveinson       05:13:35 1

UNDER ARBEID!!

For tida så ligger bloggen nede og mi arbeidar med korleis blogg-konseptet skal være vidare, men sjekk ut facebook. Der blir det oppdatert!!!

 

Klikk her for å komme til facebook sida! 

 



 

Jarsengsprinten 2012!

Den første tirsdagen i det nye året den 3. januar var det klart for årets Jarsengsprint. Fra Team Rambo stilte Sindre og Håkon. Sindre hadde vært sjuk i jula så det blei først hardøkt på lenge, Håkon på si side hadde vært frisk i jula, men verre med hausten. Så det blei ein spennans konkurranse for begge. Ved ankomst Skien så var det rengvær, etter testing av løype og ski var mi da heilt klissvåte.

Mi skjønna fort at detta kunne bli eit bingorenn, detta fordi løypa var rundt 500 m, forholda var så som så, her måtte du ha flaks i tillegg til å være god. Oppsettet på sprinten var at det var ein prolog, så dirkete til finalar, det var også berre 4 i finalen og med 9 på startstrek av både menn 19/20 og senior så blei det spennans.

Når resultatlista så kom opp visa den Sindre på 3. plass 3 sekund etter vinnar og Håkon på 4. plass 4 sekund etter vinnar. Så da blei det A-finale på dei begge.


Sindre godt fornøgd med årets 2. 1. plass!

Sindre kom seg godt ut og smelte på vidare og det endte med at han kapra 1. plass i eit durablig spurtoppgjør. Håkon endte på 4. plass. Men alt i alt ein god dag for Team Rambo, mi tok jo seieren!

Håkon

Trondheim-Oslo

Så var tida kommi, 540 km stod for tur, fra Trondheim til Oslo. Etter å ha gått å grua seg i nøyaktig 1 år var både eg (Håkon) og Victoria på startstrek i Trondheim 25. juni 2011. Ho eine hadde sykla meir enn han andre, men begge hadde dei mål om å komme i mål. Etter ein heller dårlig frokost bar det bort mot Nidarosdomen der folk var i full gang med starten. Så det var bare å vente på at di pulje skulle starte, det var nokon lange minuttar og eg skjønna fort at eg hadde kommi feil, mange rare blikk blei sendt fra konkurrentar og det med god grunn. Så var det endeleg start, eit helvettes tempo fra start så her var det bare å dette av med ein gang å vente på neste pulje. Neste pulje kom, men kom forbi i eit enda betre tempo. Men etterkvart som kilometerane blei fleire roa tempo seg og mi kom med i eit felt. Eg merka etter ca 10 km at forberedelsane var heller dårlige fordi, dekka mine var ikkje pumpa på år og dag, og det merka eg dei saug seg fast i asfalten som bacon i ei usmørt panne.


Kvelden før!


Ikkje den beste frokosten!


 


Skeptisk svenske i gult og svart!

Når mi så hadde sykla ca 70 km, var tempo høgt og mi valgte å sleppe felten, men då kom følgebilen å mane opp til dyst, då var det bare å legge seg i bukken å hente dei inn igjen, men detta kosta krefter og var ein veldig dum manøver, men mi hang på feltet til første matstatsjon etter ca 100 km, her var det påfyll av både vått og tørt og ikkje minst pumping av dekk. Turen vidare bar til Oppdal, i eit noe mindre felt. Nå begynna Mr. Lie å kjenne at han ikkje hadde hatt meir enn 5 sykelturar så langt. Og i bakkane opp til Dovrefjell, forsvant felt og Victoria og reise blei bare tyngre og tyngre.


In action!

Når eg så hadde sykla heile Drivdalen aleine og endelig kommi på toppen av Dovrefjell så kom det ei 4 manns gruppe og ville ha meg med i rulla, det blei eit fryktelig slit, men det hjalp godt likevel med tanke på at farten blei høgare og motivasjonen bedre. Vel nede i Dombås sto følgebilen klar og påfyll av både mat og drikke gjekk så effektivt som det kan etter ca. 190 km. Målet vidare var å prøve å ta igjen Victoria og i allefall få ei gruppe å henge med. Dette skulle vise seg å bli vanskelig, for etter meg kom det aldri noen grupper bare enkelt sykklistar og dei merka eg ikkje at var der før dei var langt forbi. Men 20 km før Kvam kom det ei gruppe, som eg hang med til matstasjonen på Kvam som er etter ca. 270 km. Her fekke eg beskjeden at følgebilen min hadde reist, men at dei kom meg i møte med mat og drikke, eg fylte opp og sykla før resten av gruppa og tenkte at dei tar meg igjen så henger bare på når dei kommer. Men av ein eller anna merkelig grunn så kom aldri gruppa, men det kom bare ien og ein. Så da blei det å sykla aleine nedover den lange Gudbrandsdalen.


Idiotar!

Når eg hadde sykla lenge og vel aleine kom det ei gruppe på tre tyskerar og tre nordmenn som eg klarte å holde følge med eit lite stykke. Tyskrane drog på i kjent maskinstil, men dei blei etterhvert slitne og ville ha med nordmennane til å dra, men dei stuvnekta. Detta gjorde tyskarane forbanna så dei rykka ifra. Eg syns det va litt dumt å ligge å snylte sånn så eg rykka fram til dei, noen som selvfølgelig er heilt på tryne når du er på felgen fra før, men gjort var gjort. Når eg omsider kom meg fram til tyskerarane fekk eg stotra fram "Helfen?" Og dei blei veldig fornøgd, men i neste føring så hadde eg detti av, lite til hjelpe, men eg tilbydde meg!

Vidare nedover og når eg nærma meg Lillehammer kom også mørket og det blei kaldare, eg gleda meg stort til Grandiosa og RedBull i Lillehammer, men syns det var litt rart at eg ikkje hadde sett snurten av følgebilen sidan dei skulle komme meg i møte. Men tenkte at dei står sikkert på matstasjonen på Lillehammer. Når eg så kom fram til Lillehammer så såg eg ingen kjente, så eg fekk i meg ei tørr brødskive med honning og fylte flaska og tenkte optimistisk, "Dei har jo slevfølgelig ikkje lov å stå på matstsjonene så dei står rett etterpå, men NEI! Eg var etterhvert litt svett og sliten og hadde heller ikkje noe vindtett på meg så når mørket kom og det blei kaldare så blei det kaldt. Så fra Lillehammer til Hamar er det ikkje så mye å si anna enn at eg frøys og frøys, og eg var så sliten at eg sykla med solbrillene på midt på natta, det var mørkt! Når eg nærma meg Hamar så syns eg følgebilen kom meg i møte, men den stoppa ikkje, hmm den ska sikkert bare bort å snu, men minuttane gjekk og bilen kom aldri tilbake. På Hamar fekke g meg ei varm suppe før eg rulla vidare, nå begynna det å bli sikkelig ille. Nå skalv eg på sykkelen og orka ikkje å trø i nedoverbakkane fordi det var så kaldt, bilar som kom bak meg syns synd på meg der eg rulla i 10-20 km/t og lysa opp vegen for meg.

I MÅL!

Neste stopp blei Strandlykkja der ein varm buljong gjekk ned, men varmen var der fortsatt ikkje, men det putra vidare, sakte men sikkert. Når eg så kom til Eidsvoll etter ca. 480 km begynna eg å se enden på detta, men frøys fortsatt og fekk i meg ei varm heimlaga Rabarbra-suppe, TAKK! Når eg så kom inn på E6 og bakken med Olavs Gård, fekk eg varmen i meg igjen etter 10 timar med hakking av tennar. Nå var det bare 10 km igjen og eg kunne rekke 23 timars grensa så det var bare å trø på og det gjekk 22:57:41 blei sluttida!

For å oppsummere det heile så var det eit helvette, det var kaldt og slitsomt på fysisk og psykisk, det er veldig moro å ha gjort det, men eg kommer ikkje til å gjøre det igjen!

Håkon

Troll Skimarathon - verdens lengste klassiske renn!

9. april og på 19 års dagen min (Håkon) hadde eg og Eivind Stokke bestemmt oss for å gå verdens lengste klassiske skirenn som går på bare ein dag. Dette var nemleg Troll Skimarathon som er 95 km. Løypa går frå Venabygdsfjellet og til Sjusjøen. I tillegg til den lange løypa på 95 km, kan du velge 45 km og 20 km. Starten gjekk klokka 08:00, og siden eg og Eivind låg i Lillehammer sentrum måtte mi opp klokka 04:00 får så å gå bort til Håkons Hall og vente i iskladt vær på bussen som gjekk klokka 05:00.

Vel inne på bussen gjekk turen oppover Gudbrandsdalen og opp til Venabygdsfjellet. Her var det sikkelig surt og kaldt, det blås og føyka så nå grua begge seg til den lange skituren i bare kondomdressen. Etter mi hade fått ut skia av bussen måtte mi smøre om litt siden mi hadde klister så måtte det litt dekning til på grunn av føykesnøen. Mi fekk heldigvis komme inn i eit slags hotell og smørte skia og henta startnummeret her.


Her er eg midt i bilde før start!

Klokka nærma seg etterkvart 08:00 og start, mi var ikkje veldig gira på å gå 95 km der mi stod og frøys på startstrek, men det var for seint og snu nå. Starten gjekk og håpet om at mi skulle får varmen når mi begynna å gå forsvant etter som dei første minuttane gjekk i sterk motvind, men etter 2-3 km snudde løypa slik atdet blei medvind og då blei det bare ein fyrd å gå i fantastisk natur. Sidan løypa er forholdsvis flat så var dte mykje stakning og mi susa avgarde. Etter ei lita beite drog Eivind ifra og eg såg han ikkje meir, han var sprek for tida. Etter mykje staking og ein og anna motbakke innimellom, kom mi etterkvart på eit isparti og her gjekk det unna, kjempe moro!


Ein haug med galne skiløprar i flott natur!

Siden det er eit så langt renn så måtte ein vere påpasslegg med mat og drikke, så eg prøva å ete kvar halvtime, dette funka til dels, men etter 70 km så sa det stopp. Nå var eg heilt ferdig, prøva og ete og drikke, men tilo ingen nytte kroppen var rett og slett heilt utkjørt. Så etter ca. 77 km kom det verste på heile turen, ein lang lang lang motbakke frå Liesetra og opp til Pellestova, uten festen (som hadde blitt slitt av) og uten krefter blei detta ein prøvelse, men ein prøvelse som blei bestått.


Eivind bakerst i bilde i blå dress!

Så etter 4 timar 53 minutt og 10 sekund kom Eivind i mål til ein 14. plass i klassa og etter 5 timar 10 minutt og 32 sekund kom eg fornøgd i mål til ein 18. plass i klassa. Så var me så heldige å få mat og transport av storebroren til Eivind og dama hans. Tusen Takk!

Bilder 5-mila 2011!

Her finn du nokon bilder frå 5-mila 2011.

Resultat 5-mila 2011

Resultatliste RAMBO 5-mila 2011

 
Spurtpriser:
10km: Jonas Frorud, Tone Dalen
30km: Anders Bødtker, Tone Dalen
Mål: Anders Bødtker, Tone Dalen
 
Herrer:
1.      Anders Bødtker, 2:33:46, +0
2.      Jonas Frorud, 2:34:14, +28
3.      Sindre Høgset, 2:39:14, +5:28
4.      Callum Smith, 2:42:09, +8:23
5.      Sindre Palm, 2:42:50, +9:04
6.      Lars Nymoen, 2:51:55, +18:09
7.      Jørgen Paule, 2:52:20, +18:25
8.      Kjell Einar Erikstein, 2:53:04, +19:42
9.      Runar Mathisen, 2:54:18, +20:32
10. Ingvar Folkvord, 2:55:39, +21:53
11. Håkon Lie, 2:55:47, +22:01
12. Eirik Hagen, 2:58:02, +24:16
13. Jørgen Baland, 3:02:18, +29:48
14. Tobias Watne Moe, 3:03:06, +30:40
15. Andreas Wang, 3:33:56, +1:00:10
DNF: Michael May
 
Damer
1.      Tone Dalen (6.) 2:47:14, +0
2.      Marte Jensen (15.) 3:10:27, +23:13
3.      Anna Brau (17.) 3:45:06, +58:08
4.      Christine Syvertsen (18.) 3:49:52, +1:02:38
DNF: Tina Watne Moe, Sarah Young

Resultat 5-mila 2010!

Resultatliste Hovden 5-mila ? 2010

Menn:
1.      Spurtpris (10km)                    Andrew Musgrave
2.      Spurtpris (30km)                    Anders Bødtker
3.      Spurtpris (MÅL)                    Anders Bødtker
 
1.      Anders Bødtker                     2:45:46
2.      Espen Frorud                         2:47.40
3.      Andrew Musgrave                 2:48:50
4.      Ånund Lid Byggland               2:52:53
5.      Jørgen Hodnebrog                 2:53:54
6.      Trygve Henden Gaasø           2:53:55
7.      Jørgen Barland                       3:09:13
8.      Lars Myhre Nymoen              3:13:54
9.      Ole Holbæk                           3:17:55
10. Eivind Rosseland Stokke      3:20:42
11. Sindre Odberg Palm              3:21:44
12. Sindre Høgset                        3:23:49
13. Kjartan Konradsen                3:30:41
14. Runar Mathisen                     3:30:47
15. Tobias Ertzeid                        3:32:58
16. Håkon Lie                              3:39:29
17. Kjell Einar Erikstein              3:52:32
DNF         Jonas Frorud               -
 
Damer:
1.      Spurtpris (10km)                    Thora Sivertsen
2.      Spurtpris (30km)                    Tone Dalen
3.      Spurtpris (MÅL)                    Tone Dalen
 
1.      Tone Dalen                            3:37:35
2.      Thora Sivertsen                      3:42:50
3.      Ingvild Skare Thygesen         4:12:26
Kristine Svalastog                  4:12:26

Junior-NM Selbu - Teamet er komplett

I år måtte turen takast til trøndelag for at me skulle få gå Junior-NM. Og etter ein litt trøbblete sesong, spesielt for Lars var igjen alle i Team Rambo samla på startstrek igjen. Dette skulle då vere 3 øvelsar her i Selbu. Det var 20 km fristil på fredag, 10 km klassisk på lørdag og stafett på søndag.

Alle var spente på start når det skulle kjempast på 20 km og det var Sindre som trakk det lengste strået hos Team Rambo med sin 40. plass, noko som var heilt greit. Håkon og Lars hadde litt tyngre dagar, men var likevel ok fornøgde.

Neste dag var det 10 km i den andre stilen, nemleg klassisk som det skulle kjempast i, her har Team Rambo vore litt svakare og det visa seg på nytt. Sindre var igjen den som gjekk best med sin 53. plass noko som er bra til å vere i klassisk. Igjen så hadde Lars og Håkon ein tyngre dag i sporet.


Sindre var den som klarte seg best på Selbuskogen stadioen!

Så var det klart for den siste NM-dagen i trøndelag og det var stafett som stod på programmet. Ei artig avslutining på NM-helga. Sindre var på Telemark og Vestfold sitt 1. lag, Lars var på Østfold sitt 2. lag og Håkon var på Telemark og Vestfold sitt 2. lag. Så alt var duka for spenning og moro. På første etappe var det ein som tryn aog mista skiet og da måte alle le, Håkon skulle ikkje ha ledd så høgt for det var nemlig hans lag som var det uheldige. Alle i Team Rambo skulle få den prestisjefylte 4. etappa og Sindre tok sitt lag inn til ein 21. plass. Litt lengre bak blei det ein duell mellom Lars og Håkon, der Lars klarte å trekke det lengste strået og dei tok henholdsvis 52 og 53. plass.

Håkon

Birken 2011 - Ein kjempesmell!

I 12 blå var det klart for eit nytt Birkebeinerrenn. Og min (Håkon) tredje tur over fjellet. Løypa er i år som alle år 54 km, og går i klassisk stil. Med meg fra Hovden hadde eg Eivind Stokke som skulle gå for første gang. Me starta i to ulike puljer, eg i pulje 1 og han i pulje 2. På startstrek hørte me at temperaturane låg ned mot -30 nokon stadar i løypa og at det var ein del vind på fjellet.

Etter ein god start var det tid for første fjell og rykta som hadde svirra på start stemte. Når me kom til første fjell føyka det og blås noe fryktelig, og det var berre eit spor som det gjekk ann å gå i, dei andre var rett og slett borte. Så difor gjekk det seinare og var eit slit over her enn det hadde vore tidlegare år. I tillegg på grunn av kulda så hadde drikkesekken min fryst. Så det kom aldri ut noe drikke, smell!


I aksjon under HelteRennet tidligare på vinteren!

Når me så kom til Kvarstaddammen og skulle opp dei lange bakkane til Sjusjøen, så det pang og dte blei fryktelig tungt opp her, her kom også Eivind forbi og gjorde eit bra renn. Men til slutt var eg endeleg på toppen og kunne sette utfor bakkane ned mot Lillehammer. Her var det skarpt føre så det gjekk unna her, veldig moro, men konsentrasjoen måtte vere på topp for eit fall her ville bety eit stort tidstap.

Så etter 03:21:21 var eg endelig i mål etter ein hard tur over fjellet. Litt misfornøgd med tida, men fornøgd med å ha klart merket nok ein gang.

Sesilåmi 2011 - Tåke og bakglatte ski!

Årets Sesilåm blei i år heldigvis arrangera i motsetning til i fjor når Lars skulle prøve seg. Men det var ikkje i strålande vær det blei arrangera. Tåke og regn prega det største rennet på sørlandet, som er 52 km langt og går i klassisk stil. Og på grunn av det dårlege været skulle det vise seg at det å få feste på skia skulle bli vanskelig, eg testa først nokon par med klister uten at eg klarte å få feste på desse. Til slutt stod eg att med zeroskia, og valgte å gå på desse, dette skulle vise seg å vere dumt. For allrede i første bakken så var det ikkje feste, dermed blei det ein tung og lang tur dei første 20 km som er så og si berre motbakke.

Men eg hadde til gjengjeld grei glid så på flatene og nedover gjekk det betre, men eg var gåen i armane etter å ha måtta bruka dei litt vel mykje i motbakkane også. Etter å ha gått lenge på heia og staka og gått motbakkar i fleng, så trudde eg at dei siste 10 km skulle vere nedoverbakke, men nei. Det gjekk like mykje oppover som nedover og det var veldig demotiverande. Når det så nærma seg slutten så var det eit langt jordet som skulle forserast, før eg endeleg kom i mål på tida 3:16:48.

 

Så var det å dusje og vente mange timar på at bussen skulle gå tilbake til Valle der bilen stod. Og så sitte 4 timar på buss for å komme til Valle. Dette var eit renn som ikkje fristar å gå igjen med det første, litt på grunn av været, men mest på grunn av den lange vegen heim igjen.

Håkon

Wrålid-Løypa!

Ein dag i slutten av Februar hadde nabobygda til Åmdals Verk bestemt seg for å prøve å arrangere eit slags turrenn utan tidtaking. Der dei var inspirert frå den noko meir kjende Fyrålåmi. Løypa var på 10 km og gjekk i frå Austheii til Vråliosen, denna køypa fekk då namnet Wrålid-løypa. Og eg Håkon, Victoria og min kompis Vegard Wrålid (nesten forplikta te å være med) stiltte opp saman med rundt 50 andre deriblant mine foreldre osv. Det var ei fin løype som slynga seg i skogen litt opp og ned før det kom ein heftig nedoverbakke som var sikkelig moro. Løypa var ikkej så lang og me var i mål etter ca 45 min, men ein fin tur. Litt tåke så sola uteblei, etter rennet var det å få diplom og komme seg heim for å sjå på VM!


Her er Håkon i Wrålid-løypa!

Team Rambo på VM!

Som så mange andre nordmenn tok Team Rambo seg ein tur til Oslo for å heie litt i VM, veldig god stemmning og fint vær prega i alle fall den siste helga. Her er noen bilder frå VM:











Byrterennet 2011!

Årets Byrterenn kunne ikkje gå utan ein Team Rambo medlem sjølv om VM har begynna. Så Håkon Lie stilte til start, medan Høgset og Lars heia fram heltane i Holmekollen.

Eg var då aleine i klassa og måtte berre prøve å gjere eit best mogleg renn både teknisk og teste formen. Og testen visa at ting er på gang, men ikkje heilt der det skal endå, så då må det bli betre mot junior-NM. Men nå ventar ei veke i Oslo med VM og trening.

Norges Cup Beitostølen!

Helga etter Helterennet, nemleg 12 og 13 februar var det igjen klart for Norges Cup denne gongen på den kjende vintersportstaden Beitostølen. Det starta med ein sprint for senior på fredag, men der deltok ikkje Team Rambo. Dei skulle imidelertid ut å gå 10 km klassisk på laurdag i tøffe løyper. Før start var dei sjølvsagt spente og håpa på eit godt renn. Håkon var framleis usikker på formen som har vore dårleg i år, men som syntes å ha kommi litt på HelteRennet. Sindre var også litt usikker på formen, men følte han var i rute. Og Lars var desverre sjuk også her! Så dermed to løperar på start, første mann ut var Sindre og han hadde ein god dag i sporet og enda til slutt på ein 56 plass noko som er bra i klassisk stil for den guten. Håkon hadde nok ein gang ein tung dag i sporet og kom langt ned på lista.


Høgset i fint driv! (Foto:Anna Breu)

Men neste dag baud på nye mogleghetar for guttane frå Vest-Telemark, då var det nemleg 30 km friteknikk som stod på programmet og friteknikk er av ein eller annan grunn det som fungerar best for Vesttelane. Men på grunn av kulde blei løypelengda korta ned til 15 km, men likefullt friteknikk og framleis veldig hardt. Sindre var også denne dagen først ut, men etter mykje stress og missforståingar i smøreboden enda han opp med nokon ski som ikkje var toppa og dermed ikkje gode nok for dette nivået. Men han kjempa det han kunne å havna til slutt på ein 36. plass ikkje mange sekund bak poeng. Håkon hadde ein betre dag i dag og klatra 50 plassar frå dagen før.


Sliten Mr. Lee (Foto: Anna Breu)

Så alt i alt var helga grei for Team Rambo, men det kunne sjølvsagt vore betre form og betre kommunikasjon. Nå er neste NM.

Håkon

Helterennet - siste stikk i trippelen!

Den 5. februar var det klart for både første og siste arrangement i trippelen TelemarkHelten. Det var då Helterennet som stod på programmet og sidan Håkon hadde fullført både Helterittet og Helteløpet var det berre Helterennet som stod att for at han kunne kalle seg ein TelemarkHelt og sei at han hadde fullført trippelen. Skirennet er eit 42,2 kilometer langt skirenn som starta i Rauland Sentrum og går opp mot Vierli for så og snu der, målgang er i sentrum igjen.


Hadde ein god start som dere kan sjå!

 Starten var dela inn i puljer på 200 og det var 4 puljer og litt over 800 startande var det duka for eit stort renn i Rauland. Det visa seg i ettertid at dei beste starta i pulje 2 av ein eller anna grunn, medan eg Håkon starta i pulje 1. Etter å ha ligge som nr. 2 ut frå start i rygg på nr.1 blei det litt tungt i bakkane og eg måtte sleppe, men klarte å halde dei andre bak meg bortover slettene mot Vierli.

Det var ei ganske variert løype der det var mykje flater, men også nokre saftige bakkar innimellom. Når det nærma seg så slutten kom nedoverbakkane og dei førte av ein eller anna grunn med seg den såkalla "smellen", så dei siste 5 kilometerane blei tunge, når det var ca.3 kilometer igjen kom dagens vinnar forbi Svein Olav Utistog, eg prøva då å henge meg på utan hell, men tapa ikkje så altfor mykje inn til mål. Og enda til slutt på 11 plass av alle og ein klasseseier blei det.


Mot mål, litt sliten!

Etter målgang var eg både glad og sliten over å ha gjennomført HelteRennet, men ikkje minst trippelen, syklinga var nok det verste, men alt i alt var det veldig moro å komme i mål på trippelen og eg har dermed klart eit nytt mål og bryti ei barriere.

Håkon

Medalje til Team Rambo under KM!

Laurdag 22. januar var det KM friteknikk for Telemark og Vestfold skikrets, 15 km fellesstart var distansen som skulle gåast. Og sidan Sindre var sjuk og Lrs går i Østfold, men også han er sjuk så blei det berre Håkon på startstrek.

I relativt lette løyper i Re i Vestfold skulle guttar 19/20 gå 3x4 km + 3 km. Litt vanskeleg å skjønne kva ein skulle gå, men eg fant fram til slutt. Etter at starten gjekk hang Håkon greit med den første runda. Neste runde gjekk også greit og det var kamp om dei tre første plassane, når så den siste runda rundt 4 kilometeren skulle gåast fekk Håkon det litt tungt og måtte gje noen meter opp til 2. plassen, desse meterane var den same etter at det var gått 12 km, men dei siste tre kilometerane blei tunge.


Medalje!

Det enda då med ei bronsemedalje til Håkon som var bra på ein dårlig dag i sporet. Så alt i alt, var eg Håkon nøgd med medalje. Det er forøvrig mi fyrste KM medalje på distanse så det er moro.

Håkon

Oppsumering av sesongen 2010!

Då har me starta på eit nytt år, nemleg 2011. Då synes me i Team Rambo at det er på tide å oppsumere korleis 2010 sesongen har vore.

Januar:

Lars var den første av Team Rambo som gjekk skirenn i 2010 då han gjekk Drøbaksrennet den 3. januar og gjorde det godt der han enda på ein 7.plass.

Norges cup sesongen starta friskt i Surnadal, der me låg på ein båt i fem dagar og gjorde oss klar for skirenn tre dagar før me fekk beskjeden om at det var avlyst. Avlyst kvar dag. Irriterte og motiverte vendte me nesa heim att.
Starten på Øvre Lislefjøddscup blei så starta opp i etterkant av avlysningane i Surnadal, og første rennet var 15 km klassisk fellesstart, der Høgset knakk staven og Lars og Håkon gjorde det greit.


Kaldt og trangt i Surnadal!

Kretsmesterskap stod også på programmet i Januar og medaljer skulle det bli! Det var Sindre og Håkon som skulle prøve seg først og det var sprint fristil som var første distanse her enda det med to medaljer gull til Sindre og bronse til Håkon. Medalje i stafett skulle det også bli då Sindre tok eit sølv saman med Vinje IL. Lars hadde KM litt seinare, men ikkje noko dårlegare han kom opp att til Hovden med sølv i sprint og bronse på 10 km klassisk.

Ein annan ting som skjedde i Januar var at Sindre fekk beskjed om at han skulle representere Noreg i Nordisk Juniorlandskamp i Finland. Dette var også veldig stort for Team Rambo å sende ein av medlemmane til utlandet. I tillegg debuterte Lars i senior-NM der han gjekk stafett for Skiptvedt IL saman med Frorud "brothers"

Februar:

 Det første som skjedde i Februar var at Sindre gjekk gode løp i Finland der han tok ein 11 og 30 plass blant mange utlendingar. Februar skulle også bli ein god månad og ein månad med eit stort skirenn på heimebane, nemleg Noregs Cup på Hovden.

I løp av tre fine dagar med mykje folk og bra resultat var Team Rambo veldig fornøgde og då spesielt 2. plassen til Sindre og 19. plassen til Lars, dette var stort! Ellers så gjekk det også godt dei andre dagane pluss at det var fryktelig moro å gå på heimebane!


To fornøgde medlemmar etter at Sindre tok 2. plass.

Sjølv om Februar var ein månad utan mykje skirenn var det likevel ein bra månad, fine turar på fjellet og bra vær stod for nok ein god månad.

Mars:

Mars var ein månad der det skulle bli gått mykje skirenn og hovudmålet for sesongen Junior-NM blei arrangera.

Junior-NM var tidleg i Mars og første distanse var 10 km klassisk, her var det berre Lars som fekk det til med ein 47. plass, dagen etter mobilisera me betre alle mann og Sindre klarte å kapre fjerdeplassen ikkje langt bak medlaje, Håkon tok årsbeste med 37. plass få sekund bak poeng, medan Lars gjorde ein god figur og havna på 56. plass.

Noko historisk skulle også skje denne Mars månaden, nemleg under Tour de Åmdal. Her blei det tredobbelt Team Rambo på klassisken og tredobbelt samanlagt. Dette gav god motivasjon til teamet og det fristar til gjentaking.


De tre musketerer!

To turrenn var også på programmet, nemleg Sesilåmi og Birkebeinerrennet, desse gjekk på same dag og Lars valgt Sesilåmi, medan Håkon valgt Birkebeinerrennet. Ein uheldig Lars fekk oppleve at Sesilåmi blei avlsyt, medan Håkon gjekk inn til ny pers i Birken.

Helga etter var det klart for Norges Cup finale der Sindre var med etter ein sprint med dårlege ski rauk han ut derifrå, men heva seg dagen etterpå med ein 8. plass

Team Rambo fekk også sin logo i Mars!

April:

Endå eit kapittel blir skrive i Team Rambo's historie. Dette skal egentleg vere "fri" månaden, men det er likevel ein hard månad. Men historien som blir skrivi denna månaden er at Team Rambo er arrangør av det hardaste skirennet mange har gått. Nemleg Hovden 5-mila, fem rundar i den harde 10 km på Hovden, fryktelig hardt, men godt etterpå. Den første utgåva blei det Anders Bødtker som vant.


Alle hardingane!

Nokre tradisjonsrike konkurransar blei også arrangera i April, det var Nos Opp og Vintertriathlon.
To turrenn deltok også Team Rambo på, Haukelirennet deltok alle tre, på grunn av uvær blei det korta ned til 8 km istaden for 30 km. På Skarverennet var Håkon på plass og gjorde eit av sine beste skirenn der han blei nr. 10 i klassa.

Mai:

Mai starta bra med skirenn på den første dagen. Då var Team Rambo og tre andre hardbarka karar på Island for å gå Fossavatnsgangan, eit turrenn over 50 km. På grunn av askesky var det mange som trekkte seg, men ikkje gjengen frå Hovden som hadde ein kanon tur og klarte til og med å kapre ein 2. plass ved Sindre Høgset.


Fossavatnsgangan med det berømte rykket!

Sykkelsesongen starta også i Mai og Sindre sykkla det første Norges Cup rittet i Østfold i Mai. Tour de Vamark blei også arrangera, med Sindre igjen i toppen med ein 2. plass sammenlagt med sjukdom. Lars gjorde det også bra og blei nr. 2 på første etappe og 4. plass sammenlagt.

Lars brøyt også i barriere i Mai då han sprang København maraton som forberedelse til sommarens eventyr Norseman. Imponerande av Lars!

 
Ein fornøgd Lars og Andreas Wang i mål!

Juni:

Juni var ein stille månad, eksmanar og prøver prega skulen, medan treing og sommar prega treninga. Sindre sykkla nokre ritt og Håkon deltok på Tunnelløpet og motbakkeløpet Skuggenatten Opp, han deltok også på Kristinaløpet i Tønsberg.


Tøft startnummer!

Juli:

I Juli skjedde det altfor lite, men Sindre sykkla U6 i Sverige og dei to andre var på ferie.

August:

I August var det igjen tid for utfordringar. Og då av det meir perverse slaget. 7. august vil stå lenge som ein stor Team Rambo dag. Me kan begynne med Håkon sin lille utfordring, men som var stor nok for han. Det var Helterittet som gjekk over 103 km i terrenget veldig fornøgd med å komme i mål.

Men det var Lars som var dagens mann. Han stod opp tidlig for å hive seg uti Eidfjord der svømte han inn til land. Der skifta han og heiv seg på sykkelen over Hardangervidda, opp og ned i heile 180 km før han var nede i Atrå. Nå venta det ein maraton med mål på Gaustadtoppen. For å få svart trøye som er det gjevaste måtte han bli blant dei 160 beste og det blei han, nr. 111 og klarte målet om å komme under 15 timar. MASKIN!


Dei to ekstreme gutta!

Andre ting som skjedde denne månaden var skulestart, digg å se alle igjen på Hovden. To kommunetoppar blei også bestigi det var Tokke og Bykle sine toppar.

September:

I september var det mykje samlingar og nokon skader som prega Teamet. Lars var i kjempe slag og slo dei aller fleste. Sindre var på juniorlandslagssamling, og Team Rambo måtte stå over Oslo Maraton på grunn av forkjølelse og beinhinnebetenelse.

Men det skjedde likevel noko. Helteløpet blei arrangera og Håkon stod på start, dette er eit halvmaraton løp som blei arrangera for fyrste gong. Her blei det ny pers og vonde bein.


Helteløpet!

Team Rambo hadde også bursdag då Lislefjøddsupplegg blei arrangera, eit litt skuffa Team kom i mål på 3. plass etter mange timars slit.


Lislefjøddsupplegg!

Rulleskirennet Lifjell Opp blei også gått utan dei store resultata.

Oktober var det trening

November:

November var også prega av mykje trening ein litt sjukdom.

Desember:

Lars blir her sjuk og dei to andre går nokre skirenn som ikkje gjeng veldig bra.

 

Team Rambo klare igjen i 2011!

Det var sesongen 2010 og når ein ser tilbake ser ein at mykje har blitt gjort. Mange gode resultat og mange hard utfordringar, akkurat slik det skal vere. Me ser fram til 2011 og håpar at det blir gode resultat og nye barrierer som blir brutt! Så følg med på bloggen vår og Team Rambo.

Håkon

Lysløyperenn!

Tirsdag den 18. januar var det klart for lysløyperenn på Hovden. Det var Øvre setesdalcup som blei arrangera med deltakarar i klassene 0-100 år og mange små og store stilte til start. På start var også to av Team Rambo's medlemar. Sindre Høgset og Håkon Lie. Løypa var ikkje så lang som vanleg det var 6 km som skulle gåast og det var eit kjappt føre.

Når løparane stod klare på start var dei spente og fokuserte både Sindre og Håkon opna hardt og etterkvart fekk Håkon kjenne på kjørte og blei stiv og sliten. Sindre derimot fossa bra avgarde enno, men mangla den siste punsjen sa han etter målgang. Og resultatet visar at han går betre enn i Ål, men guten har enda noko å gå på. Håkon på si side må nå finne formen, men føler den er stigande. Me får berre tru at Team Rambo kommer seg til Beitostølen og junior NM.

Lars er ennå ikkje blitt frisk og har vore sjuk i altfro mange veker nå!

Håkon

Første Norges Cup helg!

Då var første Norges Cup helg over, den blei arrangera på Liatoppen i Ål. Her var det renn fredag, lørdag og søndag. Og Team Rambo stilte til start med to stk. Sindre Høgset og Håkon Lie. Lars har desverre vore sjuk ein månad og er ikkje frisk enno! La oss håpe at gutten kan begynne å trene att.

Det heile byrja med prøving av løyper på torsdagen, det var ein veldig laaannnggg 10 kilometer og ein hard 10 kilometer. Team Rambo er heller ikkje i sin beste form så dette ville bli hardt.


Ottar Olav sørga for gode ski under helgas renn!

På fredagen var det favoritt distansen til Høgset 10 kilometer friteknikk, her gjekk Håkon ut først av dei to og hadde ein veldig tung dag i løypa og endte langt ned på resultatlista. Høgset hadde også litt tunge bein, men endte til slutt på ein 26 plass, noko som er svært bra. Dette hadde holdt til ein 10. plass av 1992 modellane.

Laurdagen kom og det var tid for Team Rambo's verste distanse klassisk sprint, etter ein elendig prolog av begge gutane bare det rett ut og ingen var topp 100. Skuffans! Men dagen hadde sitt lyspunkt, SINDRE ODBERG PALM! Han blei nr. 4 i prologen, og bare gjekk på, kvartfinalen vant han lett, semifinalen vant han lett! SÅ var det klart for finalen, med Noregs beste juniorsprinterar og kanskje verdens beste! Palm tok andreplassen ut frå start og gjekk som ein GUD, dei to første i heatet, Sondre Turvoll Fossli og Simen Lanes blei litt for sterke og fekk ei luke mot slutten, då var det Palm og Sindre Bjørnstad Skar som kjempe om 3. plassen, Palm prøva fleire ganger å komme fordi, men Skar sperra. Då klikka Palm opp siste bakken på oppløpet og endte 2 cm bak Skar, men ein veldig god 4. plass til Palm. Dagens mann og helgas mann heiter SINDRE PALM!


Her ser mi Årets mann etter 4. plassen!

Sundagen kom og det var klart for siste renn 20 km klassisk fellesstart! 200 løperar til start i smale løyper kunne by på mange artig fall og mange brekkte stavar. Og det blei det, det blei mange fall og folk låg i løypene å kava du hørte det knakk stavar her og der, pjug, pjang, pjing. Men det var vel det einaste som var artig her også, både Sindre og Håkon gjekk sine dårligaste løp og vendte heim slitne og klare for å trene seg opp til betre form.

På veg heim vente imiddlertid uværet, kolonnekjøring mellom Haukeli og Hovden var ikkje veldig moro å kjøre i, ei heller å måke 1 meter snø av bilen og rundt bilen! Men alt i alt ei tung helg, men eit fint hotell gjorde at helga blei bedre enn dårlig.

Håkon

Nest siste dagen i 2010!

På den nest siste dagen i 2010 blei det arrangera skirenn i Svarstad og der stillte to av Team Rambo's medlemmar opp, nemleg Sindre Høgset og Håkon Lie. Litt spente på formen skulle dei t afatt på 10 kilometer i tøffe løyper på Borgen skianlegg.

Etter testing av ski og oppvarming var alt klart for skirenn, Håkon merka raskt at dette var ikkje dagen og han fekk ei tung reise, som etterkvart blei til ei endå tyngre reise. Noko som gjorde at resultatet ikkje er noko å skrive heim om. Sindre derimot hadde ein forholdsvis bra dag der han traska rundt og prøva å gå sitt eige løp. Dette holdt til slutt til ein 4. plass i klassa 19/20 år.


Sindre Høgset satsar på å finne storformen 

Me har allreie merka at det å ta steget opp ei klasse og gå saman med dei som er eit år eldre er mykje tøffare enn tidligare, men det er berre å stå på så kjem nok resultata!

Håkon

Åpningsrennet på Hovden 2010!

Laurdag den 11. desember blei det første rennet for året arrangera, det var på Hovden. Etter ei hard samling var det mange slitne kroppar på start og Team Rambo stillt med to stykk, sidan Lars har vært mykje sjuk, med bihulebetennelse så blei han heiagjeng istaden. Men Sindre og Håkon stod på start, Sindre med testløpseieren friskt i minne og Håkon som håpa på framgang. Det skulle gåast 10 km så det var tre runder i Oterosåsen som var løypa. Håkon åpna hardt etter tips frå Sindre, men det blei tungt og det blei til slutt ein 13. plass men framgang frå testløpet. Sindre på si side var sliten etter samling, men klarte likevel å kapre ein pallplass, så det blei ein kjempe bra 3. plass så Team Rambo på pallen nok ein gong. Veldig bra, neste renn er Jr.VM mønstringsrenn på Savalen i Tynset. Der skal det gåast 10 km friteknikk og klassisk sprint.


Sindre ska finne overskuddet å gå fort nå!

Håkon

Sprint hovden

video:cuserselevdesktopsprint hovden


HSG tribute!

video:cuserselevdesktophsg tribute


Seier den 5. desember!

På grunn av snømangel blei Vinjerennet avlyst og då blei det istaden eit testløp på Hovden. Og rundt i Hovdens skogar skulle det luske mange menn og kvinner. Og tre av desse var Team Rambo. Dei stillte på start klare for ei sikkelig hard økt. Det var tre rundar rundt Oterosåsen som skulle gåast og det blei på ca. 10 km litt lengre sa ryktene. Først ut var Håkon som starta som nr. 2 deretter fulgte Sindre og Lars starta til slutt. Etter to greie runder for Håkon sin del, blei det tungt på siste runda. Lars derimot synes at første runda var tung så blei det bedre etterhvert. Derimot dagens mann SIndre Høgset fossa igjennom dei tre rundene som ingenting. Ein liten glipp skjedde likevel, stroppane på skoa hans løsna så han blei litt stiv i leggane, sjølv om dette ikkje så ut til å plage han. Så dermed blei det testløpseier til Sindre, den første i hans karriere.

Heile resultatlista kan du finne her!

Sindre i siget, her under fjorårest Tour de Ski Åmdal!

Steinhard interval!!!!

I dag så har Hovden Skigymnas vært ute på ein hard interval i sprintløypa på Hovden. Her stillt Team Rambo mannssterke. Med Sindre og Lars i tet, beit me godt ifrå oss. Håkon sleit litt etter sjukdommen, men noen sånne økter må te. To runder og to min pause var draga som blei kjørt i -10 grader, med snøkanonar som pumpa som fulle mugger som bakgrunnsmusikk.

Me håpar også å få lagt ut litt meir her og oppdatere litt oftare nå som skirenna begynnar.... Det blir spennans, så følg med alle sammen ;)

Håkon

Liten oppdatering i ein hektisk hverdag!

Då er det ei beite sida Team Rambo skreiv her sist, men mi skal prøve å bli flinkare når vinteren og skirenna nå nærmar seg.

I det siste så er det trening som har vært i fokus for Team Rambo, Høgset har blant anna vært med på juniorlandslags samling i Kragerø, der han klarte seg greit, men fant ut at han gleda seg meir te det blei snø, sidan han ikkje lika asfalten så godt.

Team Rambo har også vært i utlandet, og då nærmare bestemmt Torsby. Der blei det ein del kilometer på ski og ein del timar i boka. Det blei også arrangera eit testløp på rulleski der, som gjekk bra for noen og kunne gått bedre for andre. Lars var bestemann frå Team Rambo med ein strålande 6. plass sterkt. Høgset kom så på ein bra 9. plass noko som han var nøgd med. Medan Håkon hadde ein litt tyngre dag og enda på 12. plass.

Formen til Team Rambo er det litt vanskeleg å sei noko om, men alle er på veg, Lars var i kanonform i haust den har tapa seg litt på grunn av litt sjukdom, men nå er villdyret frå Askim på gang igjen. Høgset veit me som alltid kjem, formen er stigande. Medan Håkon nå har ei ny runde med sjukdom, og begynnar å tenke på renna etter jul.

Ellers så er det samling med ski på beina på Geilo i neste veke, der stiller forhåpentligvis Team Rambo mannssterke. Så Håkon håpar å bli frisk og alle guttane gledar seg til ei veke med skigåing.

Håkon

Tørkeperiode! - Beklager...

Kjære alle leserar nå har det desverre vært ein liten tørkeperiode på Team Rambo. Grunnen til dette er at det har ikkje skjedd så mykje i det siste. Nå på denne tida er det trening som står i fokus og ikkje konkurransane dessverre.

Oslo Marathon skulle egentlig Team Rambo delta på som ein del av tradisjonen til teamet, men både Håkon og Lars har sliti med beinhinnebetenelse som gjør til at det ikkje har blitt noe løping dei siste vekene, og det var då dessverre uaktuellt å stille opp i Oslo's gatar. Sindre på si side var veldig forkjøla og det sette stoppar for han.

I forrige veke var det samling i Kristiansand, der det blei trena hardt og godt. Lars er i kjempeform for tida og slår dei aller fleste, og stortrivast sjølvsagt med det. Håkon fekk ein ny smell i beinet på ein lang springetur og må ta det litt med ro. Medan Sindre er i heilt ok form, men han har vore så heldig at han har blitt tatt ut tilå trene med Juniorlandslaget så Team Rambo er representert overalt. Mi kommer tilbake med ein sak om Sindre og landslaget.

Nå er det haustferie og då blir dei ei rolig veke for Team Rambo, men kanskje litt planlegging til nye utfordringar.... Følge med!

Håkon

Lifjell Opp - ein hard og lang bakke!

I helga 18 og 19 september blei det arrangert samling i Bø i Telemark. Og to av Team Rambo's medlemmar var med, nemleg Sindre Høgset og Håkon. Dette var eit samarbeid mellom Telemark og Vestfold skikrets og Høgskulen i Telemark. Laurdagen starta med ei basis økt med ulike nye øvelsar, det var litt artig med noko nytt.

Andre økt var det klart for teknikk med vest-telemarks eigen Audun Svartdal. Han jobbar for olympiatoppen og jobbar med alle landslaga så topp kompetanse her altså. Her fekk vi nye tips og mange ting å jobbe med på treningane i haust. Når så kvelden kom var det klart for pizza på Pizzafjoset og mange røvarhistoriar.


Harde bud opp Lifjell!

Når så søndagen kom var det klart for testløpet Lifjell Opp. Eit motbakkeløp på rulleski friteknikk over 8,7 km og 640 høgdemeter. På startstrek stod det 13 løperar klare fo slitet. Etter ca 700 m kom Høgset og tok Håkon igjen med eit halvt minutt, avstaden var stabil store delar av vegen oppover, men når det var 3 km att så smell det for Høgset som hadde opna litt for hardt, Håkon gjekk då forbi att og drog litt ifra. Når toppen endeleg kom som visa det seg at det hold til ein 4 plass for Håkon 4 min bak surverene Sven Halvor Dahl. SIndre fekk det litt tungt mot slutten etter ei hard opning og enda på ein 6. plass.

Håkon

Lislefjøddsupplegg 2010

Da har vi omsider restituert oss nok til å oppdatere dere om Lislefjøddsupplegg 2010, det hardeste upplegget i uppleggets historie.

kl 08:30 en iskald, vindfull og sur høstmorgen stilte de forventningsfylte lagene fra Hovden Skigymnas opp på gårsplassen med alt av treningsutstyr, skift, mat, førstehjelpssaker og kostymer på plass. De ante ingenting annet en at denne hittil kalde dagen kom til å bli LANG.


Ready for ACTION!

Lagene måtte på kort forvarsel karre til seg det de hadde av rulleskiutstyr før de ble lempet inn i hovdenbussene som spolte ut fra gårsplassen. Ferden gikk i år nedover dalen. Bussene kjørte lenger og lenger, lenger og lenger. Kilometerne raste i en vill fart og tanken på den uendelig lange veien tilbake ble verre og verre. Omsider stoppet bussene, men her skulle bare årets nybegynnere stige av, resten fortsatte turen nedover dalen.

Så, omsider, i Valle sentrum, nærmere 6 mil nedover fra Hovden ble vi dumpet med klassiske rulleski på bena. Team Google, Team Strongman, Team Vestland-Østland, Team Telemark-Agder-Rogaland Batallion og Team RAMBO var klare til helvete, og helvete ble det, hvertfall de første kilometerne der det gjalt å vise hvem som var råest til å stake. Tempoet var blodhøyt før det omsider justerte seg. Vi (team rambo) lå nå på en tredjeplass bak Team Strongman og Team Vestland-Østland.


Rullekjøring oppover fra Valle!

Etter et blodslit med effektiv rullekjøring oppover mot Hovden fikk vi omsider ved Berdalsbru, drøye 1,5 mil fra Hovden lov til å bytte til fristil. Det var såklart deilig å få brukt noen nye muskler men det tok ikke lang tid før også denne etappen fikk blodsmaken til å bade i munnen.

Etter mange, lange mil på rulleski ankom vi omsider Hovden og møtte til vår store overraskelse de to ledende lagene som vi trodde befant seg så evig langt foran. De lå riktig nok et lite stykke foran oss med skiftet som nå var til sykkelustyr men etter et heseblesende bytte av sko og påfyll av mat var vi igang på sykkeletappen ikke mange lengdene bak. Vi syklet så syra piplet ut av låra og lå knappe kilometeren i timen under farten til lagtempoen Høgset hadde syklet i NM. Vi tok kraftig innpå lagene foran men klarte akkurat ikke passere Team Strongman før vi kom til en slags golfkonkurranse der vi måtte vente på tur og dermed sleppe fra oss en del avstand igjen. Etter konkurransen så vi fremdeles strongmangutta foran oss, det vil si inntil de dro igang et umenneskelig tempo og forsvant. Vi syklet fortsatt med alt vi hadde av krefter men klarte ikke nærme oss noe mer.

Tilbake på Hovden var tidsavstandene mellom de tre ledende lagene ikke mer enn et titals minutter og det var herved duket for løping. Alle av hovdens tre nuter skulle bestiges (Hartevannsnuten, Hovdenuten og Nos) med bildebevis, og som alltid hadde såklart Team Rambo en særegen forestilling om hvilken vei som er raskest å løpe i terrenget og valgte derfor stikk motsatt vei av ALLE de andre lagene. Resultatet, etter å ha løpt fortere enn fanden selv, ble det vi trodde var en overlegen seier uten en sjel i målområdet. Til jubel ankom vi Hovden etter 6 timer og 40 minutter, før vi la merke til en ferdig dusjet Sindre Palm komme ruslende ut fra det ene bygget med et bredt smil om munden. 30 minutter bak vinnerene, Team Vestland-Østland og 20 min bak Team Strongman.

Noe bitre må det inrømmes at vi ble, men vi vil som alltid komme sterkere tilbake til neste år, å da har vi på forhånd bestemt oss for å droppe alle "smarte" ideer som skiller seg fra flertallets mening!!!



Les mer i arkivet » Mars 2014 » April 2012 » Januar 2012
Team Rambo

Team Rambo

9, Bykle

Vi er et Team som skal utføre fysiske utfordringer i Inn og utland. Og vi satser alle hardt på å bli gode langrennsløpere.

Share

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker