NM i "å kaste på stikka"!

Søndag den 25 april, blei det arranger NM i "å kaste på stikka" i Lårdal i Tokke kommune. Her var det 97 deltakar med, nokon proffar og andre som syns det berre var artig å få delteke i eit NM. Det var tre øvelsar det skulle tevlast i, det var stikka, her var det om å gjere å komme nærmast stikka eller pinnen med pengane, neste var strek, her var det om å gjere å komme nærmaste streken. Siste øvelsen var pyramide, her var det ulike poeng i ulik høgde i pyramiden.

Konkurransen skulle gjennomførast med at det skulle konkurrerast i heat på 4 og 4. Og dei to beste gjekk så vidare, slik heldt det på heilt til finalen. Team Rambo stilte på startstrek med ein mann, nemleg Håkon Lie. Dette er vel litt utenom Team Rambo's konkurransar, men artig likevel.



To håpefulle deltakarar!

I tilleg til Håkon var hans frue med Victoria og hans søster Karianne med. Håkon blei nr. 2 i første øvelse, men endte til slutt på 3. plass i heatet, det same gjorde Karianne. Men Victoria Ravatn derimot, gjekk vidare til semifinalen, her var det mange sterke med, så ho endte desverre på ein 3. plass i heatet. Og dermed bar det heim for dei 3 deltakarane.

Håkon

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

Share

Kategorier

Arkiv

hits